Lundby i leiinga før finaleomgangen i VM

Maren Lundby leier etter første omgang under VM-hopprennet i normalbakken i Lahti. Den norske jenta har 2,7 poengs forsprang på Sara Takanashi. 

Lundby hoppa 99,5 meter i første omgang i Lahti og fekk 131,2 poeng etter å ha fått 18 av alle dommarane.

- Det var skikkeleg godt å få til eit bra hopp i det rennet her. Skikkeleg digg. Då eg kom ut av hoppet hadde eg ein heilt annan energi enn tidlegare, sa Lundby til NRK.

Takanashi, som leier verdscupen og difor hoppa sist i første omgang, landa på 98 meter. Ho er 2,7 poeng bak Lundby før finaleomgangen. Regjerande verdsmeister Carina Vogt er nummer tre.

Silje Opseth klarte å ta seg vidare til finaleomgangen etter å ha hoppa 83 meter. Ho er nummer 29.

Anniken Mork hoppa for kort (82 meter), og klarte ikkje ta seg vidare til finaleomgangen. Ho enda på 36.-plass.

(©NPK)