Annonse

Lundby på pallen i Tsjekkia

Maren Lundby enda på 3.-plass i fredagens Sommer Grand Prix-renn i hopp for kvinner i Tsjekkia og tok dermed første pallplassering denne sesongen. 

Annonse

Lundby blei berre nummer sju i SGP-opninga i Courchevel førre veke, men fekk det betre til i HS106-bakken i Frenstat. Ho hoppa 93 meter i første omgang, og det heldt til 2.-plass 4,4 poeng bak den leiande japanaren Yuki Ito.

I finaleomgangen slo Lundby av ein meter. Det blei berre det sjette beste hoppet i omgangen, men ho heldt seg inne blant dei tre beste.

Ito var det ikkje noko å gjere med. Med nest beste hopp i finaleomgangen sigra ho nesten fem poeng framfor franske Lucile Morat, som leverte det beste hoppet i finaleomgangen.

Det lengste hoppet i Frenstat hadde Ito med 95,5 meter i første omgang, men Morat fekk fleire poeng for hoppet sitt på 94,5 meter i finalen.

Det blei japansk triumf i Frenstat sjølv om den store stjerne Sara Takanashi blei diskvalifisert i kvalifiseringa på grunn av brot av reglane for skilengde.

Silje Opseth hoppa 82 og 75 meter og enda på 29.-plass. Det var nest sist av dei som fekk hoppe to gonger.

Samanlagt er Maren Lundby på 5.-plass i Sommer Grand Prix. Ito leiar framfor Morat. Katharina Althaus, som vann rennet i Courchevel, deltar ikkje i dei to renna i Tsjekkia i helga.

SGP blir avslutta med to renn i russiske Tsjajkovskij i september.

(©NPK)

Maren Lundby enda på 3.-plass i SGP-rennet i hopp i Tsjekkia fredag. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix