Lundteigen ønsker betre matberedskap

Stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) meiner tørkekrisa i Noreg må brukast til å trappe opp matberedskapen i landet.

Stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen (Sp) meiner tørkekrisa i Noreg må brukast til å trappe opp matberedskapen i landet.

- Det er ingen land i Europa som er dårlege stilt beredskapsmessig enn Noreg. Med det avlingstapet vi har i år, betyr det at vi kjem til å gå godt under 40 prosent på sjølvforsyningsgrad, seier Lundteigen til Nationen.

Han fortel at Noreg dei siste åra har lege på 42 prosent, men anslår at ein no kjem ned på 30-talet.

- Det kjem ein dag du får problem med å importere. Skaff meg den statsleiaren som frivillig vil gjere seg avhengig av andre lands matproduksjon med problema klimaforandringane vil medføre, seier Lundteigen til avisa.

Han meiner to ting må på plass for å endre føresetnadane for landbruket:

- Vi må få på plass det faglege grunnlaget, og så må dei politiske prioriteringane komme. I år er det snakk om enorme utgifter for næringa og store utbetalingar over statsbudsjettet i erstatning. Det viser behovet for å tenkje annleis, meiner han.

Fylkesmenn har gjort eit anslag på at avlingssvikten kan gi eit tap på 5,5 milliardar for norske bønder. Lundteigen meiner det vil vere snakk om meir og anslår 6 milliardar, i tillegg til nærmare 2 milliardar i erstatning.

(©NPK)

Senterpartiets Per Olaf Lundteigen meiner Noreg er verst i Europa når det gjeld matberedskap. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix