Annonse

Lysbakken: Sandberg-saka er langt frå over

Sandberg-saka er langt frå over sjølv om Per Sandberg går av som fiskeriminister, ifølgje SV-leiar Audun Lysbakken.

- Vi må komme til botns i fleire ting. Blant anna ventar vi på svar frå statsministeren om sikkerheitsrutinar i andre departement, og vi vil stille nye spørsmål om korleis ho følgde opp varslingar ho fekk i mai, seier Lysbakken til NTB.

Ifølgje Dagens Næringsliv ønsker SV blant anna informasjon om bekymringsmeldinga Sandbergs ekskone sende Statsministerens kontor om kjærleiksforholdet hans til iranske Bahareh Letnes, i tillegg til dei spørsmåla som allereie er sende statsministeren.

Lysbakken meiner det er naturleg at Per Sandberg går av som fiskeriminister slik saka rundt feriereisa hans til Iran har utvikla seg. Frp-toppen har fått stadig kraftigare kritikk etter kvart som det er komme fram ny informasjon rundt vala og handlingane hans.

- Både Sandberg-saka og Riksrevisjonens kritikk av regjeringas terrorsikring tyder på at statsminister Erna Solberg og regjeringa tar for lett på sikkerheita. Sandberg må ikkje bli gjort til syndebukk for manglande leiing og kultur i sikkerheitspolitiske spørsmål i regjeringa, seier Lysbakken.

(©NPK)

SV-leiar Audun Lysbakken krev svar sjølv om Per Sandberg trekkjer seg som fiskeriminister. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix