Annonse

Macron bombarderer EU med reformforslag 

President i Frankrike Emmanuel Macron kastar ein brannfakkel inn i dei tyske regjeringssamtalene med ambisiøse nye idear for EU og euroen.

Den franske presidenten heldt tysdag ettermiddag ein lang tale om korleis EU kan vidareutviklast når britane trekker seg ut. I talen nærmast teppebomba han sine europeiske kollegaer med reformforslag.

- Vi kan velje å isolere oss i våre eigne land, men det vil ikkje lukkast, sa Macron.

- Vegen framover er å gjenskape eit suverent, foreint og demokratisk Europa, sa han.

For å komme dit foreslår Macron ei rekke reformer for å integrere EU og eurosona djupare. Håpet hans er spesielt at tyskarane vil lytte og la seg inspirere.

Vil ha europeisk styrke

Eitt forslag er ein felles europeisk intervensjonsstyrke. Denne vil Macron ha på plass innan byrjinga av neste tiår.

Samtidig foreslår han at medlemslanda i EU bør la soldatar frå andre medlemsland tene i hærane deira. I tillegg vil Macron ha på plass eit europeisk etterretningsakademi og ei felles europeisk påtalemakt for terrorhandlingar.

Eit felles europeisk UDI skal ta seg av asylsøknader, mens det felles grensepolitiet i EU skal styrkjast.

I den økonomiske politikken foreslår Macron ein felles skatt på finanstransaksjonar, ein europeisk klimatoll og eit strengare skatteregime for store internettselskap.

Han vil også ha eit felles budsjett for landa i eurosona - eit forslag som truleg vil bli tungt å svelge for fleire av dei andre eurolanda.

Ifølgje Macron vil Storbritannia etter brexit likevel ha ein plass i eit reformert og forenkla EU».

Tre talar

Macron er den siste av i alt tre europeiske leiarar som denne hausten har brukt talar i symboltung omgivnad til å peike ut ei ny retning for Europa.

Først ut var president i EU-kommisjonen Jean-Claude Juncker, som la fram ideane sine i den årlege talen til EU-parlamentet i Strasbourg om tilstanden i unionen. Dei to presidentverva i EU bør slåast saman til eitt, foreslo han. Alle EU-land bør ha euroen som valuta, og eurosona bør få ein eigen finansminister.

Deretter heldt statsminister i Storbritannia Theresa May tale. Ho valde ei kyrkje i renessansebyen Firenze som bakteppe og greidde ut om korleis britane skal forlate EU og sjølv ta kontroll over skjebnen i landet.

Dei tre leiarane skal ifølgje kjennarar ha utvikla talene i dialog med kvarandre. Skal ein forstå heilskapen, bør ein derfor lese alle tre side om side.

Vil påverke tyskarane

Da Macron gjekk på talarstolen tysdag ettermiddag, var det med det ærverdige amfiteateret ved Sorbonne som scene.

Macron skal bevisst ha venta til etter valet i Tyskland, for slik å kunne påverke dei tyske koalisjonssamtalene direkte.

Om han kan få gjennomslag, er eit anna spørsmål. Macron fekk ingen hjelp av det tyske valresultatet. Det mest sannsynlege utfallet no, er nemleg ei regjering der liberale FDP er med.

FDP er svært skeptiske til å integrere eurosona djupare. Det åleine kan tvinge fram ein nedjustering av reformambisjonane.

(©NPK)

President i Frankrike Emmanuel Macron vil ha omfattande reformer i EU og eurosona. Foto: Ludovic Marin / AP / NTB scanpix