Annonse

Sint Magnus Carlsen best i hurtigsjakk

Magnus Carlsen avslutta fredagen med siger mot Etienne Bacrot og vann hurtigsjakken i Grand Chess Tour-turneringa i Paris. Likevel var han langt frå glad.

Annonse

Han var under press etter å ha spelt remis i dei to første partia sine fredag, men avslutta sterkt i eit parti som lenge var veldig jamt. Til slutt gjekk Bacrot tom for tid og takka for kampen.

Carlsen var tydeleg irritert då han i eit intervju på nettstaden til arrangøren blei fortalt at dagen ikkje hadde gått "glatt", og heller ikkje det siste partiet.

- Kva ønsker de frå meg? At eg skal få eit stort overtak med ein gong? Er det den einaste måten å vinne? Eg føler at du prøver å nedvurdere det heile, sa Carlsen i eit intervju som blei mykje diskutert både av programleiarane og på sosiale medium.

- Det er dette vi treng i sjakk, litt kontroversar og galskap. Han var full av kampånd. Eg lurte på om han skulle slå meg. Eg var klar til å dukke, fleipa intervjuaren Maurice Ashley.

I leiing

Etter tre dagar med hurtigsjakk har Carlsen 14 poeng av 18 moglege, mens Gristsjuk har 13 og Hikaru Nakamura 12. I turneringa er det to poeng for siger, eitt for remis.

- Stillinga ser OK ut, men Gristsjuk gjer det veldig bra. Eg håper eg kan halde fram med å vinne parti som ikkje går så glatt, sa ein sarkastisk Carlsen.

Han leia turneringen etter fire sigrar og to remis dei to første dagane. Fredag skulle han møte dei to spelarane nedst på resultatlista, og han hadde kvite brikker i to av tre parti. Likevel gjekk ikkje alt på skjener.

Poengtap

Verdsmeisteren starta dagen med kvite brikker mot Sergej Karjakin, eit parti som enda med remis.

Det blei remis også i neste parti mot Fabiano Caruano, som har slite veldig i turneringa. Amerikanaren stod med eit halvt poeng etter ein remis og seks tap før han møtte Carlsen.

Trass poengtapa leia Carlsen framleis da han sette seg ved bordet med franske Etienne Bacrot for å avslutte hurtigsjakkturneringa.

Med Shakriyar Mamedyarov og Alexander Gristsjuk eit halvt poeng bak var han pressa til å vinne. Det blei den fjerde strake sigeren for Gristsjuk då han slo nettopp Mamedyarov, men Carlsen tok sigeren han trengde.

/* Style Definitions */
p.MsoNormal, li.MsoNormal, div.MsoNormal
{margin:0cm;
margin-bottom:.0001pt;
font-size:12.0pt;
font-family:"Times New Roman";}
a:link, span.MsoHyperlink
{color:blue;
text-decoration:underline;}
a:visited, span.MsoHyperlinkFollowed
{color:purple;
text-decoration:underline;}
span.EpostStil17
{mso-style-type:personal-compose;
font-family:Arial;
color:windowtext;}
@page Section1
{size:595.3pt 841.9pt;
margin:70.85pt 70.85pt 70.85pt 70.85pt;}
div.Section1
{page:Section1;}
(©NPK)

Magnus Carlsen var best i hurtigsjakkturneringa i Grand Chess Tour i Paris. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix