Annonse

Mæland fryktar at Finnmarks-opprør kan velte heile regionreforma

Heile regionreforma kan ryke dersom samanslåinga mellom Finnmark og Troms havarerer, fryktar kommunalminister Monica Mæland (H).

Heile regionreforma kan ryke dersom samanslåinga mellom Finnmark og Troms havarerer, fryktar kommunalminister Monica Mæland (H).

- Eg trur det kan få konsekvensar for resten av landet. Då må nok Stortinget drøfte kva dei vil gjere, seier Mæland om kva som skjer dersom Finnmark lykkast i kampen mot å bli slått saman med Troms.

Prosessen med å slå saman dei to nordlegaste fylka er i augneblinken heilt fastlåst. Måndag møter Troms til eit møte på Mælands kontor for å diskutere vegen vidare, mens Finnmarks fylkesordførar ikkje stiller.

Folkeavstemming

Varaordførar Tarjei Jensen Bech (Ap) viste til at 87 prosent stemte mot samanslåing i ei folkeavstemming i Finnmark i mai, då han møtte Mæland til duell under Arendalsveka fredag.

- Eg har eit sterkt mandat frå finnmarkingane som seier eit klart og tydeleg nei. Vi risikerte å måtte flytte all makt ut av Finnmark, og det er ikkje akseptabelt, sa Jensen Bech.

To stortingsvedtak

Mæland viste på sin side til at regionreforma - og dermed også samanslåinga - er vedtatt av Stortinget to gonger.

- Det handlar om prinsipp. Du kan vere rivande usamd, men når Stortinget har fatta vedtak, må det bli følgt opp, seier statsråden.

Når Stortinget samlast i oktober er det duka for ein tredje runde om Finnmark-Troms som eit nytt storfylke. Senterpartiet har varsla eit forslag som tar sikte på å parkere samanslåinga.

- Stortinget bestemmer sjølv kva dei vil vedta. Og ja, det er varsla ei ny sak i haust, seier Mæland.

(©NPK)

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) i debatt om fylke og regionar under Arendalsveka. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix