Annonse

Måling: 53 prosent godtek Trump-nederlag

(NPK-NTB): Vel halvparten av veljarane til Donald Trump seier dei vil godta nederlaget dersom presidentkandidaten til republikanarane ikkje blir ny president i USA, viser ei måling.

Annonse

På spørsmål om dei spurde aksepterer resultatet dersom den eigne kandidaten deira taper presidentvalet, svarar 40 prosent ja. 28 prosent svarar at dei mest truleg vil godta resultatet, viser målinga som SurveyMonkey har utført for NBC News. 18 prosent seier det er usannsynleg at dei vil godta resultatet, og 13 prosent slår kategorisk fast at dei ikkje kjem til å slå seg til ro med eit slikt valresultat.

Blant republikanske veljarar svarar 53 prosent at dei godtek nederlag. Blant demokratiske veljarar svarar 82 prosent det same, viser målinga for NBC.

Målinga viser også at oppslutnaden til Trump aukar etter den tredje debatten, samanlikna med den føregåande TV-duellen. Hillary Clinton vann over Trump med 9 prosentpoeng, viser målinga. 46 prosent av dei spurde meiner Clinton kom best ut av debatten. 37 prosent meiner Trump var den suverene vinnaren.

Den førre målinga etter den andre debatten i haust gav 44 prosent til Clinton og 34 prosent til Trump. Den aller første debatten viste endå større gap mellom dei to kandidatane – Clinton blei der kåra til debattvinnar av 52 prosent av dei spurde, medan 21 prosent heldt ein knapp på Trump. (©NPK)