Måling: Beste Høgre-resultat på tre og eit halvt år

Høgre får ei oppslutning på 27,3 prosent på Dagbladets meiningsmåling i februar. Det er det beste resultatet for partiet på denne målinga sidan september 2014.

Partiet går fram 1,1 prosentpoeng på målinga. Eit slikt resultat ville gitt dei heile seks mandat meir på Stortinget enn i dag - og regjeringspartia ville vore berre eitt mandat unna fleirtal, skriv avisa.

- Dette er ei kjempegod måling for Høgre og ei hyggeleg tilbakemelding frå veljarane. Målinga viser også at den blågrøne regjeringa samla sett går fram. Det borgarlege prosjektet er styrkt, og denne målinga viser at veljarane set pris på det, seier Høgres nestleiar Jan Tore Sanner til Dagbladet.

Arbeidarpartiet får ei oppslutning på 25,4 prosent i målinga, det same som i januar, mens Framstegspartiet får 13,6 prosent (+1,1), Senterpartiet 9,7 (-2,4), Sosialistisk Venstreparti 7,5 (-0,1), Venstre 4,4 (-0,2), Kristeleg Folkeparti 3,5 (-0,2) og Raudt 3,3 (+0,2) og Miljøpartiet Dei Grøne uendra 3 prosent.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg har all grunn til å glede seg over Dagbladets meiningsmåling i februar. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix