Annonse

Manageren til Northug alvorleg skadd i fallulykke

Are Sørum Langås (39), manager til Petter Northug, har budd ti dagar på sjukehus etter ei alvorleg fallulykke, melder VG.

Annonse

Are Sørum Langås (39), manager til Petter Northug, har budd ti dagar på sjukehus etter ei alvorleg fallulykke, melder VG.

VG og TV 2 skriv at ulykka skjedde då han skulle gjere arbeid på den nye hytta si.

Eigentleg skulle manageren stått midt i forhandlingar med sponsorar og Norges Skiforbund, men slik blei det ikkje.

- Eg og forvaltaren til Petter, Terje Hallan, tok eit kjapt møte på «kontoret» mitt, det vil seie rommet på St. Olavs, og fordelte det som hastar og held kontakten per telefon, seier Langås til VG.

Langås blei utskriven frå sjukehuset søndag. han pådrog seg fleire brot i begge armar, i ansiktet og hovudskallen.

- Ein real smell, men no er alt ferdig operert og framgangen er fin. Alle involverte frå Legekontoret i Meråker, ambulansetenesta, mottakinga på St. Olavs og dei ulike avdelingane på sjukehuset har levert til gull, seier Langås.

(©NPK)

Are Sørum Langås, manager for Petter Northug.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix