Mandzukic-nei til landslaget

Mario Mandzukic har spelt den siste fotballandskampen sin for Kroatia. VM blei for han eit farvel.

Han kunngjorde nyheita via Instagram tysdag. - Det er aldri eit passande tidspunkt for å seia farvel. Eg meiner at vi alle kunne spela for Kroatia så lenge vi lever fordi det ikkje finst større ære, skreiv 32-åringen.

Kroatia kom til finalen i VM i sommar, men tapte 2-4 for Frankrike i gullkampen. - Vi levde ut draumen vår, skreiv historie og kjende kjærleiken frå tilhengjarane, skreiv Mandzukic.

Han held fram karrieren som klubbspelar i Juventus. Mandzukic fekk 89 landskampar og scora 33 mål, eitt av desse kom i VM-finalen.

(©NPK)

Mario Mandzukic gjev seg på det kroatiske fotballandslaget. Foto: Natacha Pisarenko, AP / NTB scanpix