Mange tatt for ulovleg hummarfiske på Sørlandet

(NPK-NTB): 33 personar er meldt til politiet for ulovleg hummarfiske etter ein aksjon i Vest-Agder. Hummarsesongen startar ikkje før i oktober.

– Vi har vore ute og sett etter ulovleg hummarfiske, men også ulovleg fiske generelt i sjøen, seier Jørgen Ree Wiig, skipper på Fiskeridirektoratet sin oppsynsbåt STS Munin, til NRK.

Under aksjonen blei det gjort 76 beslag, og 33 personar blei meldt til politiet. Det var Fiskeridirektoratet, Statens naturoppsyn og Kystvakta som gjekk saman om aksjonen. Hummarsesongen varer frå 1. oktober til 31. desember, og det er ulovleg å fiske hummar utanom sesongen.

– Det er nokre som vil fiske ulovleg, nokre som ikkje veit betre og nokre som ikkje bryr seg nok til å setje seg inn i regelverket, seier Wiig vidare. (©NPK)