Mann arrestert for truslar i Møre og Romsdal

Ein mann i 30-åra er arrestert av politiet etter å ha prøvd å trenge seg inn i ei leilegheit på Sjøholt i Ørskog kommune i Møre og Romsdal. 

Mannen møtte opp på ei privatadresse i Sjøholt og oppførte seg truande, slik at dei to personane i leilegheita ringde politiet i halv eitttida natt til fredag.

- Han oppførte seg utagerande og hissig og prøvde å trenge seg inn i leilegheita til dei to. Som følgje av dette kom det til håndgemeng og slåsting mellom eigar av leilegheita og mannen, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Politiet var raskt på staden og arresterte mannen, som måtte til lege for behandling av eit kutt etter slåstinga. Han skal ha komme med verbale truslar, men utover dette ønskjer politiet, av omsyn til etterforskinga av saka, ikkje å gi fleire opplysningar.

(©NPK)