Mann lét son på 13 øvingskøyre i 100-sone

Politiet stoppa natt til onsdag ein bil i ei 100-sone på E18 ved Undrumsdal i Vestfold. Bak rattet sat ein 13 år gammal gut. 

Faren til guten, ein mann i 40-åra som sat i passasjersetet, forklarte det med øvingskøyring, skriv politiet på Twitter.

- Det å la sonen på 13 år køyre bil på ein firefelts motorveg er jo mildt sagt spesielt, seier operasjonsleiar Øystein Eikedalen til VG.

Førarkortet til mannen vart beslaglagt og far og son måtte dermed hentast av andre familiemedlemmer. Det vil bli oppretta ei sak på forholdet, opplyser politiet.

- I tillegg til å vere altfor ung, mangla guten sjølvsagt alle formalitetar, som trafikalt grunnkurs, seier Eiekdalen.

Politiet har ingen mistanke om alkoholpåverknad.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix