Mann omkom i fallulykke i Møre og Romsdal

Ein mann i 40-åra frå Romsdal mista livet etter at han fall i fjellet på Rørsethornet i Midsund i Møre og Romsdal onsdag kveld.

Politiet fekk melding om hendinga ved 21.30-tida onsdag kveld. Mannen vart erklært død på staden.

- Han var på toppen av Rørsethornet då han fall. Det har vore nemnt at sjukdom kan ha vore årsak til at han fall utfor, men det er ikkje bekrefta. Vi vil snakke med dei to vitna i løpet av dagen for å undersøkje dette, seier operasjonsleiar Arild Reite til Romsdals Budstikke.

Vitna var to unge kvinner i nær slekt med mannen.

Sidan ambulansehelikopteret ikkje hadde utstyr til å få plukka opp avdøde, vart eit Sea King redningshelikopter tilkalla. Den omkomne vart henta ut ved 23-tida.

Slektningane som var saman med mannen då han fall, er tatt hand om av eit kommunalt kriseteam.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Morten Holm / NTB scanpix