Mann prøvde å køyre inn i folkemengde i Belgia - hadde våpen i bilen

Belgisk politi har arrestert ein mann som i stor fart køyrde inn i ei gågate i hamnebyen Antwerpen. Mannen, som er fransk statsborgar, hadde våpen i bilen.

Den belgiske påtalemakta opplyser at det er funne både ei rifle, knivar eller liknande våpen og ein behaldar med ukjent væske i bagasjerommet på bilen.

Mannen køyrde ifølgje politiet inn i Meir-gata i 11-tida torsdag. Folk i gata greidde å hoppe til side då bilen kom, og det er ikkje meldt om skadde etter hendinga. Sjåføren av bilen vart arrestert.

- Ein mann iført kamuflasjeklede vart ført bort frå staden, opplyste ein talsmann for politiet under ein pressekonferanse.

Ifølgje politisjefen i Antwerpen, Serge Muyters, er den arresterte mannen av nordafrikansk opphav. Identiteten til mannen og eventuelle motiv er ikkje kjent.

(©NPK)