Mann som blei tatt etter Paris-terroren, er sett fri

Ein mann som er sikta for å hjelpe den hovudmistenkte etter terrorangrepet i Paris, er sett fri og får vende tilbake til Brussel, ifølgje franske styresmakter.

Mannen skal ha køyrd Salah Abdeslam i Brussel dagen etter at angrepet skjedde. Han blei tatt i slutten av 2015, ikkje lenge etter at 130 menneske blei drepne på seks ulike stader i Paris.

Abdeslam, som blir rekna for å vere den einaste angriparen som overlevde angrepet, har forklart at den gamle venen hans ikkje visste noko om terrorangrepet.

Mannen som no er sett fri er pålagt fleire restriksjonar. Han har forbod mot å vere på visse stader og får ikkje ha kontakt med visse personar. Han må også jamleg melde seg for politiet og vere heime til bestemte klokkeslett.

(©NPK)