Annonse

Mathis har aldri trent hardare

(NPK-NTB): Franske Anne Sophie Mathis seier at ho aldri har trent hardare enn før boksekampen mot Cecilia Brækhus i Oslo laurdag.

10.000 tilskodarar er venta til eit fullsett Oslo Spektrum. Kampen har fått tilnamnet «The Homecoming» og er den første proffkampen på norsk jord etter at forbodet mot proffboksing blei oppheva tidlegare i år.

– Eg har lagt ned dobbel innsats før denne kampen. Det trengst sidan eg er 39 år og det er eitt og eit halvt år sidan sist eg boksa ein kamp, sa Mathis under pressekonferansen onsdag.

Både Mathis og Brækhus har sparra mot mannlege boksarar den siste tida. Brækhus slo Mathis på poeng sist gong dei møttest i Frederikshavn, og ho har heller ikkje lege på latsida den siste tida.

Ho har lada opp i Spania under leiing av trenaren sin, Johnathon Banks. Der har det blitt trent hardt.

– Vi har lege heilt på grensa heile tida, sa Brækhus. (©NPK)