Annonse

Matvarekjede i Finland hånar Johaug i annonse

(NPK-NTB): Den tyske matvarekjeda Lidl blei aldri nokon slager i Noreg. No hånar dei finske butikkane til kjeda Noreg og Therese Johaug i ein ny kampanje der ein får ein leppepomade på kjøpet om ein kjøper norsk røykjelaks.

Tilbodet gjeld berre torsdag, stadfestar den finske marknadssjefen til kjeda, Seppo Niemelä, overfor Dagbladet.

– Vi ville lage ein kampanje som er aktuell og som responderer til våre finske kundar på ein leiken måte. Denne kampanjen gjeld berre for i dag (torsdag). Ein kunde som kjøper norsk røykjelaks får ein leppepomade gratis. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå kundane våre, opplyser Niemelä.

Annonsen har blitt ein hit på sosiale medium som Twitter og Facebook og reaksjonane er delte. Nokre synest det er festleg humor, andre synest det er pinleg for Finland.

Lidl prøvde seg i Noreg også, men berre fem år etter at den første butikken opna i 2004 blei butikkane kjøpt opp av Reitangruppen og konvertert til den norske kjeda sine eigne butikkar.

Finnane, som sjølv har hatt mange dopingtekne skisportutøvarar, har ikkje vore nådige i reaksjonane sine etter at Therese Johaug testa positivt etter å ha brukt ei salve på leppene.

Både veteranen Harri Kirvesniemi (som sjølv blei dopingteken i 2001) og Aino-Kaisa Saarinen har uttrykt tvil om forklaringa til Johaug, og reagert på at ho ikkje umiddelbart blei suspendert. (©NPK)