Annonse

May vil la nordmenn bli etter brexit 

Storbritannias statsminister Theresa May meiner nordmenn bør få same rettar som EU-borgarar i Storbritannia etter brexit. 

May la måndag fram eit detaljert forslag til kva rettar som skal gjelde for EU-borgarar i Storbritannia når britane går ut av EU.

- Vi ventar at dette tilbodet blir utvida på gjensidig basis til statsborgarar frå Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits, sa May då ho presenterte forslaget i Parlamentet.

I sjølve forslagsteksten heiter det at britane vil diskutere «liknande løysingar» med dei fire medlemslanda i Efta.

Føresetnaden er at britar får tilsvarande rettar i byte. Dermed er det no opp til Noreg og Efta å kome med eit mottilbod til britane.

Det bur rundt 20.000 nordmenn i Storbritannia og 14.000 britar i Noreg.

I dag er rettane deira knytt til EØS-avtala og reglane som gjeld for fri rørsle i EUs indre marknad.

Storbritannias statsminister Theresa May. Foto: AP / NTB scanpix