Annonse

Meisterleg finale av Hovland, i fotspora til Tiger

Viktor Hovland imponerte stort då han vann USAs amatørmeisterskap i golf. Dermed gjorde han som Tiger Woods og fleire andre storstjerner.

Annonse

Den norske 20-åringen har storspelt heile veka og utklassa den eine konkurrenten etter den andre. Han dominerte også mot Devin Bling i finalen, og kampen var avgjort då han hadde seks hols leiing med fem igjen å spele.

Blant tidlegare vinnarar av USAs amatørmeisterskap er golflegender som Woods, Phil Mickelson, Jack Nicklaus og Arnold Palmer.

- Dersom eg kan følgje i fotspora til Tiger Woods for berre nokre skritt, så vil det vere noko heilt spesielt, sa Hovland etter triumfen.

- Eg veit ikkje kva denne sigeren betyr heime i Noreg, men eg håper det er noko bra. Det er godt å få denne sigeren. Då veit eg kva eg er kapabel til, sa Hovland.

- Viktor Hovland mine damer og herrar, er ein siger for historiebøkene, tvitra Suzann Pettersen.

Hovland festa grepet ved å vinne fire hol på rad frå 8. til 11. hol. Etter dei første 18 av dei 36 hola i finalen hadde han fire hols leiing.

Han leidde på det meste med fem hol under den første runden, men Bling kjempa hardt om kvart einaste hol, reduserte leiinga til fire og var nær ved å vinne det siste holet før pausen.

Etter pausen spelte Hovland sikkert og slapp ikkje motstandaren innpå seg. Mot slutten drog han frå igjen, og kampen var over etter 31 spelte hol.

(©NPK)

Viktor Hovland med det ettertrakta golftrofeet. Foto: Eric Risberg, AP / NTB scanpix

Viktor Hovland (til høgre) og finalemotstandar Devon Bling under finalen i USAs amatørmeisterskap i golf i Pebble Beach, California. Foto: Eric Risberg, AP / NTB scanpix

Viktor Hovland i aksjon i finalen i USAs amatørmeisterskap i golf søndag. Foto: Eric Risberg, AP / NTB scanpix