Annonse

Menn meiner dei er meir fysisk aktive enn kvinner

Menn oppgir å vere meir fysiske aktive enn det kvinner gjer. Men forsking viser at menn har lettare for å overdrive når dei snakkar om eigen treningsinnsats.

Forskar Bente Morseth ved Universitetet i Tromsø (UiT) har følgt med på aktiviteten til den vaksne befolkninga i Noreg gjennom Tromsøundersøkinga, ei spørjeundersøking gjennomført seks gonger frå 1980 til 2008.

- Vi ser at delen som rapporterte moderat-høg fysisk aktivitet gjekk ned mellom 1980 til 2000, men gjekk opp igjen fram til 2008, seier ho, og peikar på at sidan 2000 er det blitt meir trendy å trene, spesielt er det blitt meir populært å gå langløp på ski, sykle lange ritt og springe maraton.

Når det gjeld kjønn, viser spørjeundersøkinga at kvinner oftast deltok i lettare aktivitet, mens menn oftast deltok i moderat til høg aktivitet. I tillegg viser undersøkinga at menn er meir fysisk aktive enn kvinner i fritida. Men alt dette er basert på kva dei svarar i undersøkinga:

- Kanskje er kvinner meir ærlege når dei svarar på spørjeundersøkingar? undrar Morseth.

Førsteamanuensis ved Institutt for helse- og omsorgsfag ved UiT Laila Arnesdatter Hopstock viser til forsking på svara frå 2010 som bekreftar at menn pyntar litt på sanninga.

- Det var ikkje alltid samsvar mellom det mennene i undersøkinga oppgav av fysisk aktivitet og kor mykje dei faktisk var i aktivitet. Dette gjeld også kvinner, men mennene overvurderer aktiviteten sin meir enn kvinnene, seier ho til NRK.

Tromsøundersøkinga er også gjennomført ein sjuande gong i 2016, og Morseth gler seg til å sjå korleis utviklinga har vore.

(©NPK)