Annonse

Migrasjonsstraumen til Italia redusert med meir enn 80 prosent

Omtrent 4.100 migrantar kom til Italia etter å ha kryssa det sentrale Middelhavet i mai. Det er 82 prosent færre samanlikna med same månad i fjor.

Det viser tal som EUs grensebyrå Frontex la fram måndag.

Dei samla tala for perioden januar til mai viser ein reduksjon på 77 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det er tunisiarar og eritrearar som utgjer dei største gruppene.

Samla sett blei det registrert 12.100 irregulære innreiser til EU langs dei viktigaste migrasjonsrutene i mai i år. Talet er meir enn halvert frå mai i fjor.

Presset har likevel auka langs landsgrensene til Tyrkia og i Spania, der fleire kjem til sjøvegen enn før.

(©NPK)