Annonse

Minst 14 drepne av bilbombe i Mogadishu

Minst 14 menneske vart drepne då ei bilbombe gjekk av i Somalias hovudstad Mogadishu torsdag.

Annonse

Eksplosjonen var kraftig, og i tillegg til dei som vart drepne momentant, er det mange såra, opplyser ein talsmann for det somaliske sikkerheitsdepartementet.

Han seier talet på drepne truleg kjem til å stige.

Bilen som vart brukt i angrepet, var fullasta med sprengstoff og eksploderte utanfor ein kafé rett ved eit populært hotell i sentrum av byen.

- Dei fleste offera var vanlege folk som sat og hygga seg og drakk te, seier eit augevitne.

Det er førebels ikkje kjent kven som står bak angrepet, men Mogadishu er hyppig ramma av angrep frå ekstremistgruppa al-Shabaab.

Det dødelegaste angrepet som al-Shabaab har utført, skjedde i oktober i fjor då over 500 menneske vart drepne.

(©NPK)

Ei kraftig bilbombe eksploderte i Somalias hovudstad Mogadishu torsdag. Foto: AP / NTB scanpix