Annonse

Minst 178 frykta omkomne etter at ferje sokk i Indonesia

Talet på omkomne etter at ei ferje sokk på Tobasjøen i Indonesia, er mykje høgare enn først oppgitt, opplyser indonesiske styresmakter. 178 skal vere sakna.

18 menneske vart redda etter at den overlasta treferja sokk i dårleg vêr og 2 meter høge bølgjer måndag, men opplysningar frå dei overlevande tyder på at det var minst 200 menneske om bord.

Berre to passasjerar er funnet omkomne, og mykje tyder på at mange framleis er inne i ferja, opplyser politisjefen på Nord-Sumatra, Paulus Waterpau.

- Mange overlevande har fortalt at under halvparten som var om bord, hoppa i vatnet før ferja sokk, seier han.

Faren til ein 20-åring som er sakna etter ulykka, er sterkt kritisk til redningsoperasjonen og meiner at den går sakte. Han kritiserer også ferjeselskapet.

- Millionar av spørsmål gjer at eg ikkje får sove. Kvifor var ein båt som har løyve til å frakte 50 passasjerar, lasta med nærmare 200 pluss fleire tital motorsyklar, spør han.

Tobasjøen er over 400 meter djup på det djupaste, men det er uklart kor djupt det er på staden der ferja sokk.

Ifølgje Waterpau leitar dykkarar ned mot 25 meter, mens det skal hentast inn ein miniubåt som kan gå ned til 200 meter.

(©NPK)

To passasjerar er funne omkomne og 18 vart redda etter at ei ferje sokk på Tobasjøen i Indonesia måndag. Styresmaktene fryktar at det kan ha vore over 200 menneske om bord på ferja. Foto: AP / NTB scanpix