Annonse

Minst 19 omkom då buss hamna i kløft i India

(NPK-NTB-DPA): Minst 19 personar mista livet og over 30 vart skadde då ein buss køyrde av vegen og hamna ned i ei kløft i eit fjellområde i Reasi i den indiske delstaten Jammu og Kashmir torsdag.

Dei skadde vart sende til sjukehus. Tilstanden er kritisk for 18 av dei, opplyser polititalsmann Tahir Bhatt.

Ulykka er berre éin av svært mange trafikkulykker i India. Kvart år dei siste fem åra har anslagsvis 135.000 menneske mista livet i trafikkulykker. Hovudårsakene er dårleg vedlikehald av vegar og køyretøy, i tillegg til uforsvarleg køyring. (©NPK)