Minst 39 er omkomne i skogbrannar i Portugal og Spania

36 personar er bekrefta omkomne i ei rad skogbrannar som herjar i Portugal. I Spania har minst tre mista livet. 

- Det er framleis fleire stadar vi ikkje har klart å nå, opplyser talsperson for sivilforsvaret i Portugal Patricia Gaspar. Ho opplyser at minst 63 personar er skadde, 16 av dei kritisk, og at dødstalet kan fortsette å stige.

Ein baby som berre var ein månad gammal er blant dei omkomne.

- Dei fleste offera døydde i bilane sine, men vi har også funnet offer i deira eigne heimar, seier ordføraren i byen Oliveira do Hospital, Jose Carlos Alexandrino.

Skogbrannane har sidan søndag herja i dei sentrale og nordlege delane av Portugal. Søndag var det registrert rundt 520 skogbrannar i landet.

I Spania er tre personar så langt bekrefta omkomne. Der er det meldt om minst 130 skogbrannar, 17 av dei nær busette område. Fleire tusen er evakuerte og skular held stengt.

- Galicia brenn ikkje av seg sjølv. Galicia blir brent, seier Alberto Nunez Feijoo, leiar for Galicias regionregjering.

Lokale styresmakter i Spania meiner brannane er tende på, mens i Portugal opplyser styresmaktene at brannane har oppstått som følgje av usedvanlege vêrforhold.

(©NPK)

Dei fleste av offera døydde i bilane sine. Foto: Lalo R. Villar / AP / NTB scanpix