Minst 75 har mista livet i flaum i Vietnam

Minst 75 personar har mista livet i flaum og jordskred i Vietnam, mens 28 framleis er sakna, opplyser styresmaktene.

Det har kome opptil 700 millimeter regn i dei sentrale og nordlege delane av landet den siste veka.

13 av dei omkomne mista livet då husa dei budde i vart ramma av eit jordskred torsdag i førre veke. Det skjedde i Hoa Binh-provinsen. Fem personar er framleis sakna etter skredet.

Tysdag fann styresmaktene ytterlegare tre omkomne, dermed steig dødstalet til 75.

I tillegg har uvêret også tatt livet av 10.000 griser, kyr og bøflar, og 31.000 høns.

(©NPK)

En gris blir berga i Thanh Hoa i Vietnam. Minst 75 personar og tusenvis av dyr har mista livet i flaumen. Foto: Trinh Duy Hung / AP / NTB scanpix