Annonse

Minst åtte drepne i skuleskyting i Texas

Mellom åtte og ti personar vart drepne i ei skuleskyting i Santa Fe i Texas fredag, opplyser den lokale sheriffen. Politiet har arrestert to elevar.

- Eg vil understreke at dette er førebels informasjon, men slik eg har forstått det, er det snakk om mellom åtte og ti drepne. Dei fleste av dei er elevar, sa sheriff Ed Gonzalez i Harris-distriktet under ein kort pressekonferanse utanfor Santa Fe High School fredag.

Vidare opplyser han at to personar er arresterte, begge elevar ved skulen. Den eine er den antatte gjerningspersonen, som ifølgje politiet truleg handla åleine. Den andre skal berre vere «ein person som er interessant for etterforskinga».

I tillegg til dei drepne vart fleire såra i skyteepisoden, blant dei ein middelaldrande mann, ein elev, og ein politimann. Den middelaldrande mannen er kritisk skadd, opplyser ein talsperson for det lokale sjukehuset UTMB.

Moglege eksplosiv

Skyteepisoden er under kontroll, men Gonzalez understrekar at situasjonen ved skulen framleis ikkje er avklart.

Politi og bombeekspertar arbeider framleis med å søkje gjennom området, og skuledistriktet i Santa Fe opplyser at det er funne mistenkelege gjenstandar.

- Det er funne moglege eksplosiv på skulen og utanfor skuleområdet, skriv dei på Twitter.

- Politiet arbeider med å uskadeleggjere gjenstandane. Skulen er evakuert, skriv dei vidare.

Hagle

Det var ein gong mellom 7.30 og 8 lokal tid fredag at ein mann som, ifølgje vitne, var væpna med ei hagle, opna eld inne i eit klasserom under ein time i kunst- og handverksfag, fortel ABC News.

Santa Fe High School har fleire bygningar og vel 1.400 elevar.

- Det var ein eller annan som kom inn med ei hagle og byrja å skyte, og ei jente vart skoten i foten, sa eit augnevitne til kanalen.

Eit anna vitne seier til Houston Chronicle at ho høyrde minst fem skot nær klasserommet.

- Du kunne kjenne krutlukta frå våpenet. Vi var alle redde, for dette var rett ved oss, seier 14-årige Junior Liberty Wheeler til avisa.

Ikkje stadfesta

Dei fleste elevane ved skulen flykta ut av skuleområdet i panikk etter at dei høyrde skot og deretter brannalarmen, som eit vitne seier ein elev løyste ut.

Sheriff Gonzalez kan førebels ikkje seie så mykje om hendingsgangen, og kan heller ikkje stadfeste om det var ei hagle som vart brukt.

Han vil heller ikkje gi detaljar om den antatte gjerningspersonen utover at vedkommande var elev ved skulen.

Fleire skyteepisodar

CNN skriv at skuleskytinga fredag er den tredje episoden på berre åtte dagar i USA, og den 22. sidan 1. januar.

Dette er basert på kriterium om at minst éin person (som ikkje er gjerningspersonen) har vorte skoten, og at skytinga skjedde på eit skuleområde. I statistikken inkluderer dei òg uhell og ein episode der ein elev vart skoten med eit luftvåpen.

Den hittil mest omfattande skuleskytinga i år skjedde 14. februar ved Douglas High School i Parkland, der minst 17 vart drepne.

President Donald Trump kommenterte skytinga i Texas fredag på Twitter.

- Skuleskyting i Texas. Dei tidlege meldingane ser ikkje bra ut. Gud velsigne alle, skriv han.

(©NPK)

Det vart sett i verk såkalla full lockdown ved Santa Fe High School utanfor Houston i Texas etter meldingar om ein skyteepisode fredag morgon. Foto: AP / NTB scanpix.

Store mengder politi, brannvesen og ambulansefolk rykte ut til Santa Fe High School utanfor Houston i Texas etter meldingar om ein skyteepisode fredag morgon. Foto: AP / NTB scanpix.