Minst sju drepne i sjølvmordsangrep i Irak

Minst sju personar vart drepne av ei sjølvmordsbombe i ein park i Iraks hovudstad Bagdad, opplyser irakiske tenestemenn.

Ein politibetjent skal vere blant dei drepne.

Politi og andre nødetatar oppdaga sjølvmordsbombaren på veg inn i parken nord i Bagdad, men han fekk bomba til å gå av før han vart tatt, opplyser dei anonyme tenestemennene.

Minst 16 personar vart skadde i angrepet seint onsdag. Ingen har tatt på seg skulda for angrepet.

(©NPK)