Annonse

Minst tre omkom i jordskjelv i Japan

Minst tre personar omkom og over 90 er skadde etter at eit jordskjelv med ein styrke 6,1 ramma byen Osaka vest i Japan, ifølgje japanske styresmakter.

Annonse

Skjelvet fann stad klokka 8 måndag morgon lokal tid.

To menn i 80-åra omkom i byane Ibaraki og Osaka, mens ei ni år gammal jente mista livet i byen Takatsuki. Alle tre døydde etter å ha blitt treft av samanraste vegger.

Skjelvet førte også til at rundt 170.000 bustader i og rundt Osaka mista straumen, og full stans i togtrafikken.

Talsperson for styresmaktene Yoshihide Suga sa like etter skjelvet at det ikkje var meldt om store skadar på verken eigedom eller menneske. Men i timane etter skjelvet har talet på omkomne og skadde auka.

Den japanske kringkastaren NHK melder at over 200 menneske er skadde.

(©NPK)

Inngangen til tempelet Myotoku-ji i Osaka raste saman då eit jordskjelv ramma området måndag morgon. Foto: Yosuke Mizuno / Kyodo News / AP / NTB scanpix