Annonse

Mistanke om laksesjukdom i Sør-Trøndelag

(NPK-NTB): Det er mistanke om den alvorlege laksesjukdommen ILA ved to oppdrettsanlegg ved Mausund i Frøya kommune i Sør-Trøndelag.

Annonse

Salmar Farming, som eig dei to anlegga, varsla Mattilsynet om mogleg smitte onsdag. Anlegga ligg i kontrollområdet for infeksiøs lakseanemi (ILA), som blei oppretta etter at sjukdommen braut ut på to anlegg i Frøya i april.

Det er mange oppdrettsanlegg og mykje fisk i sjøen i området der smitten er påvist, og Mattilsynet skal på inspeksjon for å ta ut prøver for å bekrefte diagnosen.

Mattilsynet understrekar at ILA-smitten ikkje har nokre betydning for helsa til folk, men for laksen kan den vere dødeleg. (©NPK)