Annonse

Moen forstår dei som undrar etter fleire fantomløp

Sondre Nordstad Moen har den siste tida oppnådd maratontider som forbløffar. Han lar seg ikkje overraske over at enkelte reagerer med dopingmistankar.

Tidlegare i månaden greidde trønderen krutsterke 2.05.47 i Fukuoka-maratonen i Japan. Det er den raskaste tida av ein ikkje-afrikansk løpar. Moen slo sin eigen norske rekord med over fire minutt.

I oktober smadra 26-åringen Geir Kvernmos norske rekord frå 1988 på halvmaraton. Med 59.47 vart han første nordmann til å springe 21,1 kilometer på under ein time. Moen forstår at enkelte kan bli mistenksame.

- Eg skjønte jo det ville komme med ein gong eg kom i mål etter halvmaratonen i Valencia, seier han til VG.

Vidar-løparen fortel at dopingkontrolløren stod klar med armane strekte ut til kvar si side i målområdet.

- Han stod sånn for å ta imot meg då eg kom i mål. Og det var eg førebudd på. Altså, to og eit halvt minutt forbetring på det nivået høyrest heilt sjukt ut. Det forstår eg.

Moen garanterer overfor VG at han aldri har dopa seg. Han opplyser at han ofte blir testa under treningsopphalda i Kenya.

Etter det utrulege maratonløpet i Japan følte Moens trenar, italienske Renato Canova, for å ta eleven i forsvar på nettforum. Der hadde dopingmistankar raskt begynt å spreie seg.

- Ein skjønner at det kan bli sånn med tanke på kor mykje juks det er i idretten, seier Moen.

(©NPK)

Sondre Nordstad Moen har overraska ei heil idrettsverd med gode maratontider. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix