Annonse

Mogleg norsk duell i skotsk seriepremiere

Det kan gå mot eit norsk møte når Celtic tar imot Hearts i den skotske serieopninga 5. august.

Annonse

Bjørn Maars Johnsen er Hearts-spelar sjølv om framtida hans i klubben framleis er litt usikker. Kristoffer Ajer er Celtic-spelar, men var utleigd til Kilmarnock førre sesong.

Slik blir opningsrunden i skotsk eliteserie:

Aberdeen-Hamilton, Celtic-Hearts, Dundee-Ross County, Hibernian-Partick Thistle, Kilmarnock-ST Johnstone, Motherwell-Rangers.

Dei klassiske møta mellom Glasgow-klubbane Rangers og Celtic i "Old Firm" skal spelast 23. september, 30. desember og 10. mars.

(©NPK)

Kristoffer Ajer kan møte Bjørn Mars Johnsen i den skotske ligaopninga. Foto: Christian Blom / NTB scanpix