Molde-spelar frifunnen for valdtekt

Molde-spelaren som var tiltalt for valdtekt, er frifunnen i tingretten. Han blir likevel dømt til å betale erstatning til kvinna som melde saka til politiet.

Mannen møtte i førre veke i retten, tiltalt for å ha hatt seksuell omgang med ei kvinne som ikkje var i stand til å setje seg imot handlinga fordi ho sov og/eller var rusa.

Aktor la ned påstand om fire års fengsel.

Under rettssaka nekta spelaren straffskuld. Han fortalde at han hadde samleie med kvinna, men sa at det var frivillig.

Den fornærma kvinna fortalde i retten at ho sovna på eit nachspiel heime hos spelaren, men vakna og forstod at nokon låg over henne, ifølgje NRK.

(©NPK)