Monsen blir med vidare

Arild Monsen stadfestar at han fortset som langrennstrenar i Norges Skiforbund.

- Eg blir med vidare, sa han på spørsmål frå NTB etter sprintløpet i Falun fredag.

Den noverande kontrakten til sprintlandslagstrenar Monsen går ut etter denne sesongen. Sjølv om det ikkje er skrive under noka ny enno, er det store sjansar for at han får lov til å jobbe meir med Johannes Høsflot Klæbo også neste sesong.

Fredag fekk Monsen sjå at Klæbo tok sin sjuande sprintsiger i vinter. Den dårlegaste plassering i verdscupen i sprint for Klæbo er 3.-plassen i Lahti helga etter OL i Pyeongchang.

- Det er heilt fantastisk det han har gjort denne sesongen. Løpet i dag var heilt perfekt og utruleg sterkt, sa Monsen.

Toppscore

- Kva kan han bli betre på?

- Vi køyrde saman hit frå Trondheim og fekk ein god samtale då. Eg og Johannes og morfar Kåre er veldig samde om arbeidsoppgåvene. Du kan aldri slutte å jobbe vidare. Han har toppscore på mykje av det han gjer i sprint, og det må fortsette å bli toppscore. Det er ein jobb i seg sjølv, sa Monsen.

Men det finst også noko som 21-åringen frå Byåsen kan bli betre på.

- Han har forbetringspotensial på 15 kilometer og lengre løp. Det går sjølvsagt på uthald, men også på teknikk. Vi har så vidt starta jobben, og han er veldig einig i dei tankane som eg har rundt det. Men eg finn det ikkje interessant å gå konkret ut med kva det er.

Gleder seg like mykje som før

Monsen seier at han privilegert som kan jobbe med ein utøver som Klæbo.

- En viktig jobb for meg som trenar er å plukke ut det beste som skjer i den store verda. Johannes er veldig sentral i eit slikt perspektiv, men du hentar ikkje alle svara ved berre å sjå på han. For eksempel er Federico Pellegrino veldig god i avslutningane i skøyting. Det såg vi også her i dag.

Moldensaren Monsen ser fram til å starte jobben mot ein ny sesong.

- Eg gleder meg akkurat like mykje som før. Det er sjølvsagt veldig kjekt å ha ein slik god skigåar som Johannes som du får lov til å jobbe med. Det er veldig inspirerande. I fjor var det ein viss diskusjon om kor han skal vere på laget, og det er det for så vidt no også. Vi får sjå etter kvart.

(©NPK)

Landslagstrenar Arild Monsen under renna i Seefeld i slutten av januar. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.