Annonse

Moore kom til vallokalet til hest

President Donald Trumps favoritt i suppleringsvalet i Alabama, den overgrepsskulda eksdommaren Roy Moore, kom til vallokalet til hest tysdag. 

Den erkekonservative republikanaren Moore knivar med demokraten Doug Jones om Alabamas plass i Senatet, som blei ledig då president Donald Trump utnemnde Jeff Sessions til justisminister.

Dersom Moore tapar for Jones, blir republikanaranes fleirtal i Senatet redusert til 51-49.

Vallokala i Alabama opna klokka 14 norsk tid, og få timar seinare viste amerikanske tv-kanalar bilde av Roy Moore som kom ridande til hest til vallokalet.

Vegskilje

I den siste talen før tysdagens suppleringsval hevda Jones at USA står ved eit vegskilje og oppmoda veljarane til å sikre at «anstendigheita» sigra.

- Vi har sakka akterut i industrien. Vi har hamna bakpå i utdanninga. Vi ligg etter i helsevesenet. Det er på tide at vi vel vegen som fører oss framover, sa Jones.

Moore brukte delar av sin siste tale til å avvise overgrepsskuldingane som er framsett. Dei er «motbydelege», sa Moore, som hadde følgjande bodskap til veljarane:

- Viss de ikkje har tiltru til meg, ikkje stem på meg.

Sterke meiningar

Demokratane og moderate republikanarar ser på suppleringsvalet som ein moglegheit til å avvise ein politikar som har blitt gjenstand for regelmessig kanonføde på amerikanske talkshows. Sjølv i Kina har Moore vekt interesse. Under Trumps nylege besøk i Beijing spurde president Xi Jinping via omsetjaren sin: «Kven er Roy Moore?».

Moore er sterk motstandar av abort og ekteskap mellom homofile, og sterkt kritisk til islam og har to gonger blitt avsett frå stillinga som høgsterettsjustitiarius i Alabama.

Trump, som til liks med Moore blir skulda for seksuell trakassering, meiner 70-åringen kan bidra til å «gjenreise Amerikas stordom».

Overgrepsskuldingar

Eit gjennomsnitt av dei siste meiningsmålingane gir Moore eit forsprang over Jones på 3 prosentpoeng.

Forspranget har skrumpa inn etter at Washington Post byrja å skrive artiklar om kvinner som skuldar Moore for seksuell trakassering og overgrep.

Fleire av dei seier dei blei trakasserte medan dei var tenåringar, den yngste berre 14 år, medan Moore var i 30-åra.

(©NPK)

Republikanaren Roy Moore håpar å bli valt til senator frå Alabama, trass i at fleire kvinner har stått fram og skulda han for å ha gjort seksuelle overgrep mot dei då dei var mindreårige. Foto: AP / NTB scanpix

Den overgrepsskulda republikanaren Roy Moore kom til vallokalet i Alabama til hest tysdag. Foto: AP / NTB scanpix

Roy Moore har eit knapt forsprang over Demokratane sin kandidat Doug Jones (bildet) på dei siste meiningsmålingane gjort før suppleringsvalet. Foto: AP / NTB scanpix