Mora avslører Messis draum

Den argentinske superstjerna har fått mykje kritikk i heimlandet for svak meisterskapsinnsats. Sjølv drøymer Messi om å gi nasjonen eit etterlengta VM-gull.

Lionel Messi har vunne det som kan vinnast i FC Barcelona, men på landslaget har pokalfangsten vore mager. No håpar 30-åringen å gi heimlandet eit etterlengta VM-gull i det som kan bli den siste verdsmeisterskapen hans.

- Draumen hans er å vinne VM, seier mora Celia Cuccittini til argentinske Canal 13.

Messi deltar for augneblinken i sitt fjerde verdsmeisterskap. Men superstjerna har vore møtt av kritikk i heimlandet som følgje av dei dårlege meisterskapsprestasjonane til landslaget. I opningskampen mot Island, som enda 1-1, vart Messi syndebukk etter å ha bomma på straffespark. Familien kjenner seg ikkje igjen i kritikken.

- Det er ikkje sant når det blir sagt at han ikkje føler seg som ein del av det argentinske laget. Det stemmer ikkje, fortset mora.

VM i Russland kan bli det siste for Messi, som fyller 31 år på søndag. Når VM i Qatar blir sparka i gang i november 2022, vil superstjerna vere 35 år. Messi har tidlegare uttalt at landslagsframtida hans avheng av kor langt Argentina kjem i meisterskapen i år.

Av pokalar kan Barcelona-spelaren vise til eit OL-gull frå 2008 og eit U20-VM-gull frå 2005 for landslaget. Utanom det har det vore mykje nesten for Argentina. I VM-finalen i 2014 tapte dei 0-1 mot Tyskland etter ekstraomgangar. I tillegg gjekk nasjonen på to strake finaletap i Copa América mot Chile i 2015 og 2016.

Dei kvite og himmelblå møter Kroatia i neste gruppespelskamp torsdag kveld.

(©NPK)

Lionel Messi og Argentina fekk ei dårleg VM-opning med uavgjort mot Birkir Bjarnason og Island. Foto: Ricardo Mazalan / AP /NTB scanpix