Myanmar byggjer grensegjerde mot Bangladesh

Myanmar er i ferd med å byggje eit nesten 300 kilometer langt grensegjerde mot nabolandet Bangladesh.

202 kilometer av det 293 kilometer lange gjerdet, som har ein prislapp på nærmare 120 millionar kroner, står alt ferdig, opplyste ein talsmann for regjeringa fredag.

Rundt 700.000 rohingyaer har flykta over grensa frå Myanmar til Bangladesh sidan regjeringshæren innleidde ein offensiv i delstaten Rakhine i slutten av august.

FN og USA har slått fast at den muslimske minoriteten er utsett for etnisk reinsing i Myanmar, og FNs spesialutsending for menneskerettar i landet seier at operasjonane til regjeringshæren ber preg av folkemord.

Myanmar og Bangladesh har inngått ein avtale om at flyktningane skal sendast tilbake, noko FNs høgkommissær for flyktningar åtvarar mot.

Human Rights Watch la fredag fram ein rapport som viser at minst 55 rohingya-landsbyar er jamna med jorda dei siste månadene, og flyktningane har derfor ingenting å vende heim til.

Styresmaktene i Myanmar ser på rohingyaene som ulovlege innvandrarar frå Bangladesh og nektar dei derfor statsborgarskap. Den muslimske minoriteten vert også nekta retten til å eige land og har svært avgrensa rettar også på mange andre område.

(©NPK)

Myanmar byggjer eit 293 kilometer langt gjerde mot grensa til Bangladesh. Foto: AP / NTB scanpix