Nadal vann i Toronto, trekkjer seg frå turnering

Verdseinar i tennis Rafael Nadal vann ATP-turneringa i Toronto i to strake sett mot greske Stefanos Tsitsipas.

Tsitsipas (20) slo ut fire topp 10-spelarar på veg mot finalen i Rogers Cup i Toronto, men mot Nadal sa det stopp i finalen.

Nadal vann 6-2, 7-6 og tok med det sin 80. tittel.

Etter sigeren sa spanjolen at han ikkje blir å finne i turnering i Cincinnati denne veka, men at han i staden må bruke tida til å førebu seg til US Open.

- Eg må ta vare på kroppen og prøve å halde meg så frisk som eg er no, seier Nadal som legg til at han ikkje er glad for å melde avbod til Cincinnati.

- Eg vil spele, eg vil vere med over alt. Eg elskar sporten og likar ikkje å stå over turneringar. Men det finst ei grense der eg må ta vare på meg sjølv, elles seier kroppen «nei».

US Open startar i New York 27. august.

(©NPK)

Rafael Nadal vann Rogers Cup i Toronto, men blir ikkje å finne i Cincinnati. Foto: Frank Gunn / The Canadian Press via AP / NTB scanpix.