Annonse

Nær halvparten på mottak seier dei tidvis er svoltne

Nær halvparten av dei som bur på asylmottak I Søraust-Noreg seier dei tidvis går rundt og er svoltne. Det kjem fram av intervju gjort av forskarar ved Oslo Met.

Intervjua av 205 kvinner og menn ved åtte asylmottak i Søraust-Noreg viser at asylsøkjarane et mykje pasta, ris, poteter og lyst brød. Fisk og kjøt blir det mindre av. Nesten halvparten av dei spurde seier altså at dei tidvis går rundt og er svoltne, seier forskar Laura Terragni.

- Det er veldig alvorleg og urovekkjande at i eit land som Noreg er det ein så stor del av dei som bur på asylmottak, som har vanskeleg for å skaffe seg nok mat, seier Terragni.

Einslege asylsøkjarar i ordinære mottak med sjølvhushald får no mindre pengar enn før - 2.447 kroner i månaden skal dekke alt bortsett frå tak over hovudet, ifølgje Utlendingsdirektoratets satsar.

(©NPK)

Arkivfoto frå Bjørnebekk asylmottak på Ås i 2016. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix