Annonse

Nærare 30 drepne i fleire bombeangrep i Pakistan

Minst 15 personar er drepne og 70 såra i eit angrep mot eit marknad nordvest i Pakistan. Få timar tidlegare blei 13 personar drepne i Quetta sørvest i landet.

Annonse

Marknaden i byen Parachinar skal ha vore full av folk då to bomber gjekk av, med kort tids mellomrom, fredag ettermiddag. Rett etter den første eksplosjonen strøymde folk til for å hjelpe. Deretter eksploderte den andre bomba, opplyser Nasruallah Khan, ein lokal tenestemann i byen Parachinar.

Ingen har førebels tatt på seg skulda for angrepet, som skjedde i eit område der ytterleggåande sunnimuslimar fleire gonger tidlegare har angripe den sjiamuslimske minoriteten i landet.

Tidlegare fredag blei 13 personar drepne og 20 såra i eit angrep mot kontoret til ein politisjef i byen Quetta sørvest i Pakistan.

Politisjefen i byen seier at ni politimenn er blant dei drepne. Ein politibil skal ha vore mål for angrepet.

Jamaatul Ahrar, ein utbrytarfraksjon frå den pakistanske fløya av Taliban, hevdar å stå bak angrepet.

-Vi gjorde det, og våre angrep vil halde fram til det er innført sharialov, skriv talsperson Asad Mansour på Facebook. Men seinare på dagen tok også IS på seg ansvaret.

Angrepa blei gjennomført rett før muslimar skal feire id, som markerer slutten på fasteperioden ramadan.

Quetta er provinshovudstad i Balutsjistan, som i over ti år har vore ramma av eit opprør med låg intensitet frå nasjonalist- og separatistgrupper som krev ein større del av naturressursane i området.

(©NPK)

Staden der bomba gjekk av i Quetta blir undersøkt av lokalt politi. Foto: Arshad Butt / AP / NTB scanpix

Ei jente får behandling på eit sjukehus i Quetta etter at ei kraftig bombe eksploderte rett ved kontoret til politisjefen i provinsen Balutsjistan. Få timar seinare blei ein marknad nordvest i Pakistan ramma av to bomber. Foto: Arshad Butt / AP / NTB scanpix