Annonse

Naturvernforbundet krev slutt på hiuttak av jerv

Naturvernforbundet krev slutt på hiuttak av jerv for å halde bestanden nede. Den omstridde metoden blir brukt i tillegg til vanleg lisensjakt.   

Annonse

Vilt er vanlegvis freda i yngletida, men styresmaktene har gjort eit unntak for jerv. Frå 2001 til i dag er det gjennomført 142 hiuttak av jerv i Noreg, melder NRK.

- Dette er ein barbarisk metode som blir brukt berre for å redusere bestanden av ein sterkt trua art i norsk natur, seier fagleiar Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet til kanalen.

Metoden inneber at tilsette i Statens naturoppsyn oppsøkjer jervehi, hentar ut jervekvelpar og avlivar dei. Hiuttaket blir gjort i tillegg til ordinær lisensjakt som eit tiltak for å halde bestanden på det nivået Stortinget har bestemt - som er 39 jervekull i Noreg kvart år.

- Ikkje trua

Leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes seier derimot at jerven ikkje er ein truga art i Noreg, og meiner hiuttak er eit nødvendig vonde.

- Den norske bestanden har i mange år vore høgare enn politisk vedtatt, og den skandinaviske bestanden veks, seier Bartnes.

Trass i at regjeringa har tillatt fleire nye verkemiddel, som snøscooter, kameraovervaking og kunstig lys, i lisensjakta på jerv, har ikkje effekten av dette vore god nok, meiner Bartnes.

Tar sau

Grunngjevinga for hiuttak av jerv er at jerven er det rovdyret i Noreg som tar flest sau.

- Hiuttak har vore den måten å regulere jervebestanden på som gjer at vi kjem i tråd med bestandsmålet. Vi må både vareta omsynet til jerven som eit rovdyr og på den andre sida beitenæringa, seier statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet til NRK.

Det er Bartnes i Bondelaget samd i.

- Når bestanden har vakse ut av kontroll i fleire område, er hiuttak det einaste verkemiddelet som fungerer, meiner han.

(©NPK)

Frå 2001 til i dag er det gjennomført 142 hiuttak av jerv i Noreg, skriv NRK. No krev Naturvernforbundet ein slutt på praksisen.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix