Annonse

Nedjusterer talet på omkomne i Genova til 38

Talet på omkomne etter brukollapsen i Genova er justert ned frå 39 til 38 personar, opplyser italienske styresmakter. Men fleire er framleis sakna

- Sjølv om talet på stadfesta omkomne er litt nedjustert, vil nok talet på døde stige etter kvart. Det er uunngåeleg, seier innanriksminister Matteo Salvini i Italia ifølgje det italienske nyheitsbyrået ANSA torsdag.

Onsdag sa statsminister Giuseppe Conte at 39 menneske var stadfesta døde. At talet no er justert ned til 38, kjem av ei misforståing om informasjon frå ambulansetenesta, ifølgje politiet i Genova.

Styresmaktene reknar med at mellom 10 og 20 personar framleis ligg gravlagt i ruinane av Morandi-brua etter at eit del av den raste saman tysdag.

I tillegg er tilstanden kritisk for fleire av dei skadde som ligg på sjukehus.

(©NPK)

Nærmare 40 menneske er stadfesta døde og fleire er framleis sakna etter at ein seksjon av denne motorvegbrua i Genova kollapsa. Foto: AP / NTB scanpix