Nesten 200.000 ramma av koleraepidemien i Jemen

193.000 menneske er hittil smitta av kolera i krigsherja Jemen, og talet kan auke til over 300.000 innan utgangen av august, åtvarar FN. 

- Mot slutten av august når vi truleg 300.000 tilfelle, seier ei talskvinne for FNs barnefond (UNICEF) Meritxell Relano.

1.265 menneske har hittil mista livet i koleraepidemien i Jemen, som også er trua av ei massiv svoltkatastrofe.

Kolera spreier seg i skittent vatn og forårsakar alvorleg diaré, oppkast og uttørking. Sjukdommen er lett å behandle og førebyggje, men i Jemen har borgarkrigen ført til samanbrot både i infrastruktur og helsetenester, noko som gjer at mange ikkje får hjelp i tide. Utan behandling kan sjukdommen føre til død på få timar.

FN anslår at 7,6 millionar menneske bur i område som no er utsett for kolera i Jemen.

I førre veke bad FN verda om å vakne og få auga opp for kva som skjer i det svært fattige landet, der krigen mellom Houthi-opprørarar og den internasjonalt anerkjente regjeringa også har ført til omfattande matmangel og svolt.

Gjevarland har lovd 18 milliardar kroner i nødhjelp til Jemen i år, men til no har dei berre gitt 29 prosent av dette, ifølgje FN.

Etter at Saudi-Arabia og fleire andre land gjekk inn i krigen i 2015 i eit forsøk på å få sett inn att den saudivennlege regjeringa, er det gjennomført nærmare 100.000 luftangrep mot Houthi-kontrollerte område, deriblant hovudstaden Sana.

(©NPK)

Koleraepidemien i Jemen har til no kosta 1.265 menneske livet. Foto: AP / NTB scanpix