Annonse

Nesvik: - Eg har lært masse av Per gjennom åra

- Eg har lært masse av Per gjennom åra, sa påtroppande fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) då han fekk nøklar og blomar av Per Sandberg (Frp).

- Eg har lært masse av Per gjennom åra, sa påtroppande fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) då han fekk nøklar og blomar av Per Sandberg (Frp).

Det var latter og god stemning då avtroppande fiskeriminister Per Sandberg gav nøklar og blomar til påtroppande statsråd Harald Tom Nesvik.

- Du er min beste venn, det veit du ikkje sant, sa Sandberg før han gav Nesvik ein lang klem.

- Eg har lært masse av deg gjennom åra. Du har vore ein av dei absolutt beste fiskeriministrane dette landet har hatt, sa Nesvik til Sandberg.

- Vemodig

- Dette er vemodig, men det er også ei stor lette, sa Sandberg før nøkkeloverrekkinga.

På spørsmål om det var noko han angra på, svarte han:

- Eg har beklaga at eg ikkje varsla SMK og at eg tok med mobiltelefonen. Utover det er det ingenting eg angrar på, sa Sandberg.

Han medgjev at han gjerne skulle hatt meir enn to og eit halvt år i jobben som fiskeriminister.

- Fiskeri- og havbruk vil vera i søkjelyset i all framtid, så eg skulle gjerne vore med lenger. Eg har masse ugjort. Men eg er rimeleg sikker på at eg kan gjere ein betydeleg jobb utanfor regjeringa for å fremja denne fantastiske næringa, sa Sandberg.

Frp-veteran

Påtroppande fiskeriminister Nesvik blei presentert som ny fiskeriminister på Slottsplassen tidlegare på måndag, saman med statsminister Erna Solberg.

Ålesundaren Nesvik er tidlegare parlamentarisk nestleiar for Framstegspartiet, og han var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Frp frå 1997 til 2017.

Nesvik kjem no frå jobben som kommunikasjonssjef i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans. Han blei i juni i fjor utnemnd som fylkesmann i Møre og Romsdal frå 2019, men trekte seg i mai av omsyn til familien.

(©NPK)

Avtroppande fiskeriminister Per Sandberg overleverte nøkkelen til påtroppande statsråd Harald Tom Nesvik. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK