Annonse

Netanyahu: USAs ambassade blir flytt til Jerusalem innan eitt år

USA skal flytte ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem innan eitt år, seier statsminister Netanyahu. Det kvite hus har uttalt at det vil gå minst tre år.

- Eg er heilt overbevist om at flyttinga vil skje mykje raskare enn folk trur, innan eitt år frå i dag, sa Benjamin Netanyahu til israelske journalistar som onsdag følgde han på flyet frå New Delhi til delstaten Gujarat under statsministerens besøk i India.

Ein talsmann for statsministeren stadfestar sitatet overfor The Times of Israel.

USAs president Donald Trump anerkjente Jerusalem som Israels hovudstad 6. desember, og kunngjorde også at ambassaden skal bli flytt til Jerusalem på eit seinare tidspunkt.

Amerikanske tenestemenn har uttalt at det er usannsynleg at ambassaden vil opne i Jerusalem før mot slutten av Trumps presidentperiode. Det kvite hus har nyleg uttalt at det vil ta minst tre eller fire år før flyttinga kan finne stad, som følgje av strenge sikkerheitstiltak og andre krav.

(©NPK)

Israels statsminister Benjamin Netanyahu er sikker på at flyttinga av USAs ambassade frå Tel Aviv til Jerusalem vil finne stad langt tidlegare enn det amerikanske tenestemenn har anslått. Foto: AP / NTB scanpix