Annonse

Netflix satsar på dansk serie

"The Rain» er tittelen på Netflix' første danske originalserie - som no har gått i innspeling.

Annonse

Bak serien finn vi blant anna Jannik Tai Mosholt («Borgen») som har skrive manuset og også er såkalla showrunner saman med produsent Christian Potalivo.

Serien skal ta oss med til etterdønningane av ein biologisk katastrofe, der sivilisasjonen, slik vi kjenner han, har gått under.

«Seks år etter at eit brutalt virus har utsletta mesteparten av folket i Skandinavia, legg to søsken, saman med ei gruppe unge overlevande, ut på søken etter ei ny og betre verd», heiter det om serien.

Hovudrollene blir spelt av Mikkel Boe Følsgaard, Alba August, Lucas Lynggaard Tønnesen og Lars Simonsen. Også Iben Hjelje dukkar opp på den omfattande rollelista til serien - som spelast inn i Danmark og Sverige.

- Eg gler meg til å plassere dei i eit postapokalyptisk Skandinavia, der alle dei rette linjene i det kontrollerte Norden har blitt øydelagt, og la ukontrollert natur ta over alt, fortel Jannik Tai Mosholt via pressemeldinga.

«The Rain», som blir produsert av Miso Film, får regi av dei danske regissørane Kenneth Kainz («Dicte», «Skammerens datter») og Natasha Arthy («Forbrytelsen»). Premiera er forventa å bli i 2018 og då vil han bli tilgjengeleg for storselskapet sine over 100 millionar abonnentar.

(©NPK)

Storselskapet Netflix opnar døra for ein dansk serie - som spelast inn i Skandinavia. Vi skal til ei postapokalyptisk verd, blir det meldt om frå kanalhald. Serien har Iben Hjelje og Alba August på rollelista. Foto: Netflix / Handout