Annonse

Nettavisen: Ytterlegare 60 må gå i TV 2

(NPK-NTB): Ytterlegare 60 tilsette må slutte i TV 2, etter det Nettavisen erfarer. Dei tilsette er kalla inn til allmøte torsdag.

Annonse

Frå før har 63 personar fått innvilga sluttpakke i den pågåande spareprosessen. Fristen for å søke gjekk ut 16. september. Førre veke opplyste organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Sarah C.J. Willand til Medier24 at det vil vere eit ytterlegare behov for å redusere talet på tilsette, men at det konkrete talet vil bli gjort kjent på strategiframlegginga torsdag.

Nettavisen får opplyst av fleire kjelder i TV 2-systemet at ytterlegare 60 tilsette må slutte. Nokre kjelder er likevel langt meir pessimistiske og nemner langt høgare tal.

Kanalen antyda i vår eit behov for å spare 350 millionar kroner fram mot 2020. Sjølv om alt ikkje kan takast med nedbemanning, er det spekulert i at mellom 100 og 200 tilsette må gå frå kanalen, skreiv Medier24.

Ifølgje Nettavisen tek styret stilling til kuttplanane torsdag morgon. Planane blir presenterte for dei tilsette i eit allmøte klokka 11.30, med etterfølgjande avdelingsvise møte.

Leiinga i TV 2 har varsla at dei vil vere tilgjengelege for pressa i etterkant av allmøtet. (©NPK)