NFL-stjerne gir seg umiddelbart

(NPK-NTB-Ritzau): Etter 6527 yards og 54 touchdowns er NFL-karrieren over for runningbacken Arian Foster.

Miami Dolphins-stjerna melde måndag at han set strek med umiddelbar verknad.

– Alle utøvarar opplever på eit tidspunkt at ambisjonane og kroppen ikkje er på same side. Eg er der no. Faren min sa alltid: «Du veit når det er på tide å gi deg». Det har aldri vore tydelegare enn akkurat no. Eg gir meg med ro i sjela, forklarte Foster gjennom ei pressemelding.

30-åringen har vore hardt plaga av skader dei to siste sesongane. På sitt beste var Foster ei av dei aller største NFL-stjernene i sin posisjon. (©NPK)